Artist

vegard_fimland_thea_vertical_p0

Thea Hjelmeland

 

Ein av artistane som vart framheva i forkant av årets by:Larm, var denne dama. Thea Hjelmeland hausta lovord frå alle kantar etter at ho slapp debutplata "Oh The Third" i 2012. Men det er med andreplata, "Solar Plexus", at ho verkeleg har vorte lagt merke til, både av publikum og kritikarar. Femmarane og seksarane sit laust og med fantastiske låtar, ei aldeles nydeleg stemme og ymse strenginstrument i kofferten, klarar ho å gripa alle tilstades. Og så klarte ho å gripa ein Spellemannpris i tillegg, gitt. Og kva sa alle som hadde forventningar til denne føreståande by:Larm-seansen? Ikke rart at publikum lytter andektig og sluker alt med største selvfølgelighet. The Hjelmeland kan virkelig ta et rom", skreiv Dagbladet. "Hjelmelands halvtime av verdenspop føles som en reise fra skog til prærie, og derfra til verdensrommet" supplerte VG. NRK raporterte: "Over 200 publikumarar stod forgjeves i kø for å få sjå Thea Hjelmeland spele på Bylarm." Kjøp deg Bygdalarm-billett no, så går i allefall ikkje du glipp av fenomenet Thea Hjelmeland!

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07