Artist

img_92065

Silja Sol & Divisjonen

 

 

Ein av dei siste verkelege stjerneskota på Bergenshimmelen heiter Silja Sol. Ho kom til finalen på NRK Urørt og vann Vestlandssatsinga på bransjetreffet100 Dagar Stord. I haust kom ho med debutplata "På hjertet" som hausta femmarar og godord frå nærast unisont pressekorps. Om du spleisar henne og indiepop-bandet Divisjonen, får du akkurat det Bygdalarm likar: DEILEGPOP! Singelen Dansar sammen kom av eit impulsivt samarbeid og det same kan konserten på Bygdalarm kallast - dette er ein heilt eksklusiv sak som du lyt til Øystese for å oppleva denne helga. Sjølv uttalar dei at dei gler seg til å køyra solbriller og bermuda-shorts frå scena, dansa med skrantande helse og yta Silja sine songar full rettferd. "Farvel Fjorden Baby!, Hvitmalt Gjerde og Store P. Akkurat nå er Silja Sol verdens beste artist på bergensk" skreiv VG og utfrå at dei fleste førenemnte allereie har spelt på Bygdalarm, så blir det ikkje stort betre skussmål. Ikkje berre det: Silja Sol & Divisjonen lovar å elska publikummet mjukt tilbake! Jaa!

 

http://p3.no/musikk/videopremiere-divisjonen-silja-sol/

 

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07