Artist

lysgaard_beatlite_system

Lysgaard

 

 

Klubb-byen Bergen framstår av og til som ei Sareptas krukke og ein av dei siste hotte namna som vert trekt ut av krukka, er Lysgaard. Deep House Club-konseptet Saturday Sessions har bygd seg opp ein fanskare som forpliktar - når dei presenterer Lysgaard så er det ein DJ med meir enn berre brilliant smak, han har ein eigen måte å miksa lyd og musikk på samtidig som ei sceneutstråling verdig berre dette fåtalet verkeleg proffe platesnurrarar. Han har spelt under namna Totem og Lys og delteke på klubbar som REWIND!, The Set Up og er del av eit av dei beste klubbkonsepta i byn, Nabovarsel.

Det blir ikkje berre lyd i kjellaren - sjølvaste Birk Nygaard med BN Visuals kjem og lys-set! For dei som har sett han i aksjon på tallause scener både klubb, teater og anna scenekunst, veit at her er det kvalitet til fingerspissane. Blir kanonkult!

www.lysgaardsounds.com

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07