Artist

patti_smith0

LittLarm: Patti Smith på nynorsk

 

 

Få artistar har den statusen som Patti Smith har, ho er nærast mytisk sjølv om ho framleis turnerer og kanskje er meir tilgjengeleg enn noko tid. Pønkens gudmor utmerkjer seg med sterke låtar og svært poetiske, djupe tekstar, ei kjelde til inspirasjon også til forfattarar. Ragnar Hovland, Agnes Ravatn og Brit Bildøen er tre av desse. Etter at Bildøen omsette Smith-sjølvbiografien Just kids trefte ho songar og låtskrivar Kari Harneshaug  på eit arrangement på Trondheim folkebibliotek. Harneshaug kjem til Øystese og tolkar tekstane saman med Karl Gøsta Klaseie. Til og snakka meir om Patti Smith og gjendikting kjem Ragnar Hovland, så det er duka for høgkulturell pønkekapital i Kabuso denne laurdagen.


Kari Harneshaug er ein songar, tekstforfattar og låtskrivar mest kjend for sitt soloprosjekt kor ho no jobbar med si tredje plate. Sidan 2013 har ho i tillegg fordjupa seg i Patti Smith sine tekstar, bøker og musikk, og fekk då ideen om å gjere nye tolkingar av songane hennar på nynorsk. Oversettinga av tekstane er gjort av Brit Bildøen, Ragnar Hovland og Agnes Ravatn. Med seg i tolkingsarbeidet har Kari med seg gitarist Karl Gøsta Klaseie, og saman vil dei gi dykk Patti Smith på nynorsk under Littlarm 2015!

Tid: laurdag kl 15

Stad: Kunsthuset Kabuso

Inngang: 150 kr (100 kr for dei med festivalpass)

Arrangørar: Kvam Målag, Bygdalarm og Kunsthuset Kabuso

 

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07