Artist

lazervater

Lazervater

 

 

Dei er nesten som Daft Punk, utanom at alle kan sjå kven dei er, og at dei ikkje er fullt så populære i Frankrike. Nok ein gong har me gleda av å ynskja Henrik Svanevik og Ketil Mosnes velkomne til Bygdalarm (dei finn alltid på noko me ikkje kan sei nei til), denne gongen med support frå Eirik Moberg. Karane har bakgrunn frå band og prosjekt som Baertur, Datarock, Denga Denga, Fjernsupport og Rundfunk, og DJ-konsept som Novelty Sounds, Club Crocodillo og Bergen Soul. I konsertsamanheng kombinerer Lazervater 15 års DJ-erfaring med nesten like mange års skru-på-knottar-erfaring. Me kan altså forventa eit kombinert DJ/live-sett som vil få heile Hardangerfjorden til å brusa over i kåtskap og glede!

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07