Artist

klubb_safari_2

Klubb Safari

 

 

Klubb Safari har sidan sist sommar spela ei spennende rolle i Bergens klubbkultur. Uansett korleis vêret har vore på utsida, forvandlar dei klubben til  ein varm, atmosfærisk jungel med yrande liv. DJ-gjengen som kjem til Bygdalarm består av Simon Opitz, Ruben Nesse og Boska. Simon Opitz likar hovudsakleg å dansa sjølv, men det siste året har han lydsett dansegolv med ei blanding av moderne og oldschool undergrunns-house med eit hint av disko, jazz, afrikanske rytmar og melodiske vibbar. Ruben Nesse er klubbfiksar og labelsjef i Brilliance Records, kjent for å huka ut spennande nye acts. Som DJ utforskar han alt frå nudisco, hiphop og lett house. Produsenten Jon-Eirik Boska gjev ut basstung dansemusikk under kun etternamn. Han har spelt i det store utland og har no bak seg ei rekkje EP’ar, singlar og remixer på norske og utenlandske danselabels, som har blitt spilt av blant andre Julio Bashmore, Axel Boman, John Talabot og Drippin. Stjernene tek deg med til himmels på Hotellskukkjen denne kvelden!

DJ Simon Opitz

DJ Ruben Nesse

DJ Boska

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07