Artist

kakkmaddafakka_oct14_eirikland0

Kakkmaddafakka

 

I 2014 feira Kakkmaddafakka sitt 10-årsjubileum. At tenåringsgjengen frå Bergen som kom raskande over Kvamskogen og spelte på Jolalarm på Øvreviken nokre år etter  oppstarten, ville verta ein av dei mest suksessrike banda som Noreg nokon gong har fostra, verka usannsynlig i 2004. Men for Kakkmaddafakka har det vore planen hele vegen. Musikken deira var like forvirrande som bandnamnet, men det tok ikkje lang tid før deira underhaldande liveshow nådde massane, og interessa frå festivalar over heile verda var enorm. Montreux Jazz Festival, Secret Garden Party og Rock am Ring har alle vorte gjesta av denne forfriskande vestlandsgalskapen. I sitt tiande år som band, med aukande antal fans på verdsbasis og med imponerande prestasjonar å sjå tilbake på, er Kakkmaddafakka meir svoltne enn nokonsinne. Gje dei kortreist jubelmat, folkens!

Axel Vindenes - Pål Vindenes - Kristoffer wie van der Pas - Stian sævig - Lars Helmik Raaheim-Olsen - Sebastian Emin Kittelsen

 

KAKKMADDAFAKKA DJ-SETT!

Som om det ikkje var nok å få dei live, så skal dei same karane snurra plater på Hotelskukkjen i tillegg!

 

Her er kakkane live i action på Verftet før jul:

 

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07