Artist

aurora_foto_hart_and_leshkina

Aurora

 

Endeleg har me lov å sleppa nyhendet: sjølvaste Aurora kjem til Bygdalarm til sommaren! Og sigersferda starta omlag då ho spelte her på Vetlescena i 2014, sidan dette kan ein vel nesten trygt bruka nemninga stjerneskot om den framleis unge osingen. Den gong spådde me: "kjekt å kunna sei om mange år: ”eg høyrte Aurora Aksnes då ho var heilt i starten av karriera!”" Til våren kjem det ny plate, fuglane må vita kva status ho har etter den er utgjeven! Og no, etter at Katy Perry har lagt henne for elsk, engelskmennene har trykt henne til sine hjarte og ho haustar så mykje lovord i både inn- og utland at ein kan bli både stolt, opprømt og ikkje minst sjukt forventningsfulle. Heldigvis innfrir ho som berre det korhen ho dreg, så kva kan slå å høyra henne i finaste bygda?

Aurora Aksnes - vokal, piano
Odd Martin Skålnes - bass
Magne Skylstad - trommer

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07