Artist

thea_horisontal_rgb

Gamlislarm: Thea Hjelmeland

 

Jepp - det var vel på høgtid at me satsa på gamlisane i bygda! Dei har satsa på oss (kva hadde Bygdalarm vore utan hesjinga til pensjonistane?) og no har me oppretta eit eige arrangement på Kabuso søndag kl 15. Det vert sett opp transport frå Strandebarm til Ålvik, ta kontakt med Kabuso på tlf. 474 79 987 innan 29. juni for å melda deg på (eller besten og besto, det er vel ein viss sjans for at det er barnebarn som les dette på nettet og ikkje dei, berre for å generalisera ein heil generasjon for mangel på teknologisk innsikt).

Transporttider:

Innante

1. Ålvik Omsorgsbustad ”Pensjonisten” kl.14.15
2. Busstoppet i Vikedal kl.14.30
3. Steinstø v/Kakebua kl.14.40

Utante

1. Omastrand v/Jokeren kl. 13.45
2. Strandebarmheimen kl.14.00
3. Tørvikbygd v/rundkøyringa med barneskulen kl. 14.15
4. Toloheimen, Norheimsund kl.14.40

Og til å framføra musikken får dei konsert med sjølvaste Thea Hjelmeland. Thea Hjelmeland tek oss med på ei musikalsk reise gjennom nære og fjerne himmelstrok. Den unge musikaren frå Førde har gjort seg bemerka nasjonalt og internasjonalt, og vann i 2015 både Spelemannsprisen i kategori Indie-pop og Vozzajazzprisen frå Hordaland Fylkeskommune. Spellemannprisvinnaren frå Sunnfjord spelar ei mengd instrument og det finaste av alle: stemma hennar.

Det høyrer med til Bygdalarm at noko lite med lokal smak kan førekomma, dette for å få deg i den optimale fjordstemninga. Som om ikkje det er nok så vert det trekt nokre heldige vinnarar på inngangsbilletten, her kan ein stikke av med flotte premiar.

- See more at: https://kabuso.ticketco.no/gamlislarm#sthash.5DWNAyi6.dpuf og meld deg på hendinga Gamlislarm: Thea Hjelmeland

Les meir her og bestill billettar her!

Arrangementet er støtta av Den kulturelle spaserstokken, Kvam Herad og er eit samarbeid med Kunsthuset Kabuso.

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07