Artist

fay_wildhagensofia_fredricks

Fay Wildhagen

 

 

Om ein skal snakka om unge og lovande artistar her til lands, er det vanskeleg å koma utanom Fay Wildhagen. Ho, og det fabelaktige bandet hennar, har på kort tid rukke og forføra publikum på mellom anna by:Larm, noko som har ført til at du nok har sett dette namnet på minst ein festivalplakat no før sommaren. Og med god grunn! Låtskrivartalentet Wildhagen kan meir enn berre skriva låtar: “Uansett er det 21-åringens utrolige gitarkapasitet som virkelig krever respekt. Hun mestrer alt fra innlevende akustisk fingerspill til tung, møysommelig droning. Legg til en stemme med et sjeldent kontrollert lavt-lavt-HØYT-element, og en innlevelse som må oppleves”skreiv VG. Plateslepp er venta før sommaren med Bjarne Stensli (Harrys Gym/Sivert Høyem/120 Days) som produsent. Ingen grunn til å senka forventningane, med andre ord!

 

/>

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07