Artist

broen_lite

Broen

 

 

Broen heiter ein av desse banda som berre haustar knallgode kritikkar, blir hypa av alle og som innfrir alle forventningar med sine gullkanta liveopptredener. Under årets by:Larm vann dei den gjeve Forbildeprisen og bergtok fullsette konsertlokale. Akustisk gjørmetechno? Glitrande lo-fi dansepop? Korpsmusikk frå framtida? Det kan vera utfordrande å plassera musikken til Broen i ein boks. Bandet har skapt eit særeige univers og skildrar sjølv stilen sin som ein frodig miks av britpop, hip-hop, syrepunk, Paul Simon, spoken word og vest-afrikansk rytmikk.

På scena kler dei seg i skimrande paljettdraktar, sydd av skredderbestemora til Heida og fengar med sikkert scenetekke, instrumental dyktigheit og fritt, leikent samspel. Debutalbumet Yoga (utgjeve på fabelaktige Nabovarsel) kom ut i februar til lovord som "sluttresultatet er et av de mest dynamiske og rytmisk søkende debutalbumene på aldri så lenge” (Dagens Næringsliv) og ifølge VG: ”Live er de enda snålere, mindre knirkete og sinnssvakt energiske!”  

Broen er Heida Karine Jóhannesdottir Mobeck (tuba), Hans Hulbækmo (trommer), Marianna S.A. Røe (vokalist), Lars Ove Fossheim (gitar) og Anja Lauvdal (synth).

Foto: Morten Espeland

https://soundcloud.com/broenmusic

Program

 

Torsdag 02.07

 

Fredag 03.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 04.07

 

Klubblarm

 

Søndag 05.07