Nyhende

bandas

Fyrste 2018-artistar: Mikhael Paskalev og Hjerteslag!

 

Desse to har stått for soundtracket til hausten 2017, og me gler oss til å sjå dei live og overause dei med bygdaelsk!

Hjerteslag kjem tilbake til Bygdalarm 4 år etter at dei eigde scenen og publikum i 2014. Med evigflotte bergenstekstar og tonar som gjer det umogleg å ikkje smile. Me gler oss som ungar til å riste laus til deilege tonar frå denne gjengen.

Mikhael Paskalev er endeleg tilbake med ny musikk og nytt album! Etter brakdebuten i 2012 har denne karen turnert land og strand, og på vegen svinga han innom Bygdalarm og Jonas Alaska-konserten i 2012. No skal han sørge for stemninga sjølv, og det vert garantert ei oppleving av beste sort!

Hald deg oppdatert!

 

Hald deg oppdatert ved hjelp av vårt nyhendebrev:

Nyhendebrev