Artist

tiebreaker_band_photo_april_20

Tiebreaker

 

 

Ikkje mindre enn to år på rad vart Tiebreaker valt ut til å spela på South By Southwest i Texas. Og når dei rett i etterkant vart kåra til Årets Vestlandssatsing under vestlandet sitt eige SXSW, 100 Dagar på Stord, så har dei snart gått gradene frå særs lovande til heilstøypt. Bandet spelar ein eksplosiv, groovy rock’n’roll med element av tungindustri og progrock frå 70-talet i spedd nokre mørke bluestonar. Tiebreaker har bygd seg opp eit solid rykte som liveband etter starten i 2011 og har opptredd over 200 gongar siste året. I juni kjem ny singel med ”Where Can Love Go Wrong”, ein potensiell sommarhit og dermed splittar nytt soundtrack for Bygdalarm. Me ynskjer karane frå Sørfjorden velkomen til Samlafjorden og heidundrandes stemning på Øvreviken laurdag kveld!

 

Thomas Espeland Karlsen - Vokal

Eirik Wik Haug - Gitar

Patrick Andersson - Bass

Pål Gunnar Dale - Trommer

Jonas Særsten - Keys

Program

 

Torsdag 03.07

 

Fredag 04.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 05.07

 

Klubblarm