Artist

rafven

Räfven

 

 

 

Eit ord dukkar opp om du prøver å finna ut kva andre festivalar oppsummerer Räfven med: publikumsfavoritt. Som den eksplosjonen av eit sceneband dei er, så verkar ikkje det som ei dårleg skildring! Om ikkje det sedvanlege deilegpop-stempelet stemmer på svenskane, så kanskje deileg-balkan-folk-punk-rock er på tide å introduserast som karakteristikk? Dei sjarmerande karane har haldt på sidan 2003 og veit nøyaktig kva for knappar å trykka på for å få stemninga i taket – og med open himmel over seg så lovar det godt for publikum i Øystese! Spelegleda har ikkje sjeldan gjort at dei har dukka opp på stader langt utanfor scena og til tider langt utanfor programoppsettet, går det rykter om. Me satsar på at dei fyrst og fremst dukkar opp på Hovudscena for å spenna i gang Bygdalarm!

Jonas Lundberg – gitar, Loke Nyberg – fele, Martin Nurmi – saksofone, Daniel Wejdin – tambura, Johan Dahlkvist – trekkspel, David Fraenckel – trombone, Rasmus Blanck – kontrabass, Per Svenner – perkusjon

href="http://www.rafven.com/">http://www.rafven.com/

 

Program

 

Torsdag 03.07

 

Fredag 04.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 05.07

 

Klubblarm