Artist

real_ugress0

Real Ones & Ugress

 

Real Ones og Ugress har plenty av fans kvar for seg, og no får fansen masse i pose og minst like mykje i sekk. Ugress, alias Gisle Martens Meyer, har spela Traktorsymfonien sin tidlegare, for dei som var på basar i bydn for nokre år sidan. Traktorteknologien har muligens ikkje utvikla seg så mykje på desse åra, men det har Traktorsymfonien, som no kjem i 2014-utgåve.

Real Ones har også spela for begeistra Bygdalarm-publikum så langt tilbake som i 2008. Etter 20 år på scener og med ein rykande fersk Spellemannpris i neven, så kjem karane tilbake både for å skyta frå hofta som dei pleier, men også for å finna opp kruttet. Saman med Meyer blir ”TRAKTOR OG ELEKTROFOLK” urframført under årets Bygdalarm laurdag 5. juli med lyden av Hardanger, traktorar og feler i fin harmoni.

Dei neste månadene skal Real Ones og Gisle Martens Meyer leggja hovuda i kok og servera ein finale verdig den store, vakre scena på Bygdalarm og eit av dei absolutte høgdepunkta for årets festival. Då gjenstår det berre å erklæra dei for å rette elektrofolk å vera!

 

Program

 

Torsdag 03.07

 

Fredag 04.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 05.07

 

Klubblarm