Artist

mittwoch_m_logo

Klubb Mittwoch

 

 

Klubb Mittwoch goes Samstag, etter fire år med onsdagsklubbingsgalskap i studiebygda Volda på Sunnmøre, og det med eit frekkare program enn besto di byr på etter to-tre glas likør! Kjør deg opp med gratis popcorn og chilling i kosleg vintagemøblement og fargerike ljos til Klubb Mittwoch-vertinne Marieke Mulders´ deilige oppvarmingsrytmar av mang ein sjanger, før unge og kritikarroste Pandreas gir deg eit live-sett du sjeldan har høyrt makan til, animatør og kunstnar vj .a flekkar opp sine oh-so-Bygdalarm-kule fargerike visuelle raritetar på veggen og den hottaste DJ i Bergenstown; Admir Kenan (Maksimal) fyrer laus med sine tropiske, glade, dansekåte beats. Du kjem til å ønske at Bygdalarm-laurdagsnatta varte evigare enn evigast når du hoppar rundt med glowsticks i alle kanalar, confetti i håret, popcorn i trusa og du berre ER dei frekke rytmane som fyller Hotellskukkjen og heile kroppen din denne kvelden. Velkomen til ei elektrisk avslutning på Bygdalarm 2014 - Samstag ist unser Tag!

 

Tider:

DJ Marieke: 23.00

Pandreas (LIVE) : 00- 00.40

DJ Admir Kenan: 00.40 – 02.00

 

Pandreas:www.pandreas.no 
https://soundcloud.com/andreaskrhttps://www.facebook.com/pandreasmusic 
Admir Kenan:  https://www.facebook.com/maksimallydhttps://soundcloud.com/admirkenan

Klubb Mittwoch på fjesboka (lenke: https://www.facebook.com/MittwochVolda )

 

Program

 

Torsdag 03.07

 

Fredag 04.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 05.07

 

Klubblarm