Artist

ifb10

I'm From Barcelona

 

 

Ynskjereprise! For dei som var på konserten i 2008 med dei talrike svenskane er dette opplagt – dette fargesprakande fyrverkeriet av eit gladpopband fekk med seg publikum ikkje berre på klapping og synging, men med sjøsetjing! Med konfetti i lufta og sol frå himmelen fekk vokalist Emanuel Lundgren ein luftig tur frå scena og ned til fjorden. Sidan dess har det vore nærast eit krav frå festivalpublikum over heile landet å få sjå dei att, mellomanna Vinjerock, der dei spelar seinare i sommar. Venegjengen har haldt på i snart ti år og framfører framleis sjølvlaga låtar med fynd og klem og ei speleglede som om det var heile bandet sin gebursdag – kvar dag!

http://www.imfrombarcelona.com/

 

Program

 

Torsdag 03.07

 

Fredag 04.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 05.07

 

Klubblarm