Artist

baertur_bandfoto_1

Baertur + Fjernsupport

 

 

Etter Datarock har Ketil Mosnes vore på Baertur og drive Fjernsupport - herleg!

Mosnes starta karrieren i punk på Austlandet før han flytta til Bergen og starta Datarock saman med kompisen Fredrik Saroea. Etter sju år med intens turnering vart Mosnes smålei av ølklissete backstagerom og starta Baertur i staden. Saman med sine særs habile medmusikantar Knut Andreas Knutsen (Syntax TerrOrkester), Eirik Moberg (Denga Denga, Fjernsupport), Øyvind Solheim (Ungdomskulen), og Kjetil Møster (Datarock,The Core, Zanussi 5, King Midas, Møster! m.m.) kan du venta deg jovialt bråk, dronete godstemning og poppete rock i skjønn foreining.

 

Etter konserten på Hotelskukkjen tek to av Baertur turen over til platedekka for å servera deg eit eksklusivt elektronisk sett, ein blanding av eit DJ-sett og framføring av eigenkomponert materiale. Fjernsupport hentar inspirasjon frå m.a. Ramones, Huey Lewis og Queen. Spesielt Ramones og Queen. Ketil Mosnes og Eirik Moberg spelar inkognito under namna Harvey Harveycock og Dick Streetlife, så alt er svært mystisk her. Er Hardanger klar for litt fjernsupport?

 

Program

 

Torsdag 03.07

 

Fredag 04.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 05.07

 

Klubblarm