Artist

norsk_tiger_foto_rolf_morten_b

Norsk Tiger

 

Norsk Tiger er eit band frå Bergen bestaåande av Stine Wingsternes, Vegard Børdal, Inge Skjælaaen og Espen Vaular. Fire frie sjeler, men også ein gjeng vener med ein sams trong til å skriva og uttrykka seg.

Norsk Tiger oppsto utan klur, mest som i hugleik, og er ein del av eit opprør mot de kreftene som fortel folk at dei «er feil, gjer feil og må tilpassa seg». Parolen er at livet er best på sida av det etablerte.

14. desember 2012 slapp bandet debutalbumet «Ti Klør i Hjertet» på segnomsuste Apollon Platebar. Albumet er eit resultat av tre års hardt arbeid i heimestudio før ein fullførte arbeidet i Lydriket studio i Bergen i samarbeid med Magnus Skylstad. Tekstane er sentrale i Norsk Tiger sitt uttrykk og sams for alle låtane er at tekstforfattar sjølv framfører eigne ord.

Norsk Tiger omtalar seg som «sjangerlause, sanselause og sjanselause», men føretrekk båsen det står «viserap» på – om eit behov for plassering i den musikalske floren oppstår.

Som liveband kombinerer Norsk Tiger beats med gitar, bass, trommer og synth; ekte speleglede i kombinasjon med eit mektig bakteppe. Energiske og kjærlege etterlet dei eit publikum med kloremerker på nemnelege og unemnelege stader.

Norsk Tiger på Spotify
Norsk Tiger på Facebook

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice