Artist

munoz___tati

Miss Tati

 

Frå Angola, via Portugal til Noreg og Bygdalarm: Miss Tati! Ho har vore eit kjærkome nytt og uendeleg friskt pust på den vokale soul- og hiphopscena mellom dei 7 fjella dei siste par åra. Tati har i sine 4 år som korist gjort oppdrag for band som Datarock, Superfamily, Whitest Boy Alive, Kakkmaddafakka, Major Parkinson og SyntaxTerrOrkester.

Med inspirasjon frå artistar som D'angelo, Erykah Babu, Bilal og Lauryn Hill serverer ho sin eigen eklektisk musikk, hovudsakleg soul og funk blanda med jazz og hiphop. Publikum har ikkje sjanse å lata vera å dansa til dette!

Med seg på scena har ho Anders Bitustøyl (bass), Einar Sogstad (tangenter), Ivar Thormodsæter (trommer), Irem Muftuoglu (kor), Michael Barnes (saksofon) og Håvar Skaugen (saksofon og tverrfløyte).

Både Bergen og Norge er for liten for denne unge dama – og me gler oss til å fylgja framheldet på dette funky fyrverkeriet!

Miss Tati heimeside
Miss Tati på Facebook
Miss Tati på NRK Urørt
Miss Tati på Soundcloud

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice