Artist

ll_logo210

Lurkalarm 2013

 

Lurkalarm er eit triatlon som vil vera overkomeleg for dei fleste. Det er ein styrkjeprøve vener, veninner, lett mosjonerande, godt trena, seigmenn, miljømedvitne, kraftkarar- og kvinner, familiar og bedrifter kan gjennomføra. Alle er velkomne til å delta, og det viktigaste er at ein skal ha det kjekt! Lurkalarm vert i år skipa av Sjurd Eknes, Maria Eknes og Kristin Henden Berge. I år som i fjor vert det opna for to klassar; individuell klasse og lag klasse.

Målet med Lurkalarm 2013 er å skapa eit triveleg arrangement med fokus på sunn helse og samhald mellom bygdene i Kvam, og deltakarar frå resten av landet. Tilstellinga promoterer også flotte naturopplevingar.
Hovudvinsten er ein lurk. Ein lurk er ein avskava bjørkekjepp vinnaren får rissa inn namnet sitt i. Denne lurken er ein "linjelurk", som lyt berast 1000 høgdemeter i etterkant av arrangementet for innriting av namnet. Åstaden for seremonien er Breidablikk nedunder fjellet Skrott.
 

Løypa

Triatlonet startar med symjing, omlag 150 meter, frå Øystesetranda til enden av fjøra nedanfor festivalområdet. Etter ein frisk start hiv ein seg på sykkelen og trakkar seg oppover høgdemetrane i retning Klypeleitet, som markerer starten på sogestien og siste etappe. Frå Klypeleitet skal ein springe/jogge/krype resten av distansen inn til målpassering og jubel på Fete. Etter målpassering vil det bli servert drikke til deltakarane. 

 

Den sosiale etappen

Etter at alle har passert målstreken er det tid for sosialt samkome og eit pust i bakken på Blekeld. Her vert det utdeling av diplom til alle deltakarane og kåring av ”Årets lurk og ”Årets lurkalaug”. Deltakarane og dei frivillige får servert mat. Tilskodarar kan ha med mat eller ta i bruk grillane om det er ynskjeleg.

På kveldstid skipar me, i samarbeid med Bygdalarm, til eit arrangement på Øvreviken Pub, der alle over 18 år er velkomne. Dette vil vera gratis og krev ikkje at ein har festivalpass.

På tampen ynskjer me oppmoda folk til å engasjera seg som frivillige. På facebook finn de arrangementet Lurkalarm under Bygdalarm si side.    

Pris:
Kr 150 per pers. (Betal kontant ved innsjekk).

Påmelding: Ein melder seg på tevlinga eller som frivillig ved å sende ein mail med namn, telefonnummer og heimstad til maria_eknes@hotmail.com

Påmeldingsfrist: 25.06.13

Kontaktperson: Maria Eknes, Tlf: 41636132

 

 

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice