Artist

joni_mitchell_1969_photo_by_j

LittLarm 2013

 

”Big Yellow Taxi”, ”River”, ”A Case of You” eller kva med ”Amelia”? Du som kjenner din Joni Mitchell har garantert favorittar, men tek du utfordringa og gjendiktar yndlingssongen?

Det er tid for å tenkja lyrikk! Vårlufta sig endeleg innover by og bygd, det er ideelle tilhøve for gode tankar. Viss du føler for å ta dette ut på tevlande vis, så har du no eit par månader på deg til å gjendikta Joni Mitchell til norsk! I år har me eit nydeleg husband som ikkje kunne vore meir høvande til å artisten som skal framførast - Heidi Marie Vestrheim og Nan Espeseth spelar vinnarbidraga. I juryen sit sjølvaste Brit Bildøen, som i tillegg til å ha skrive ei rekkje prisvinnande romanar og diktsamlingar,muligens er best kjent for omsetjinga si av Patti Smith si "Just kids" for Bygdalarm-publikummet. Dei andre i juryen er musikar Heidi Marie Vestrheim og norsklektor Randi Jåstad. Panelet skal diskutera dei ulike bidragsytarane samt tekstane til Joni Mitchell. Ordstyrar er Brit Aksnes.

Tidspunktet er laurdag 6. juli kl 15 - 17.

LittLarm er eit samarbeid mellom Bygdalarm, Kvam Mållag og Kunsthuset Kabuso.

Tevlinga går kort og godt ut på å ta føre seg ein (eller fleire) av dei mange songane Joni Mitchell har på samvitet og skrive ei gjendikting som er originalen verdig.

Reglar:

-Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis verte premiert. Det viktigaste er å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, og ein må gjerne tilpassa han til norsk samtid.

-Det er og ein føremon om verselengder og rytmer vert intakt, slik at sangen kan framførast nokolunde likt med orginalen.

-Teksten skal vere nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.

-Ein jury sett saman av forfattarar, musikarar og representantar frå arrangørane kjem til å kåra ein eller to vinnarar.

-Legg ved namn og kontaktinformasjon.

 

Premiar:

I tillegg til å få gjendiktinga framført av husbandet, vil vinnarane av konkurransa få både heder og ære sovel som dagspass til Bygdalarm.

 

Tidsfrist:

Teksten må vere arrangørane i hende innan 15. juni 2013.

 

Adresse:

Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no

 

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice