Artist

lindstrom_photo_lin_stensrud_1

Lindstrøm

 

Noregs fremste elektronika-artist kjem til Bygdalarm. Storsusaren frå oljehovudstaden tronar øvst på den kredible hipster-delen av norsk klubbscene. Me har strukka oss langt for at guruen sjølv skal leggja turen innom Øystese og tilbyd han sjølvaste hovudscena for å pumpa ut drøye beats til det deilege publikummet. Lista over prisdrysset er så langt at det ikkje høver seg i ein artistomtale. Turnering på verdsbasis fortel sitt. Det siste albumet hans ”Smalhans” (Smalltown Supersounds) framstår heilsøypt og rissar namnet hans tydeleg inn i sogebøkene over betydelege og ekte artistar innan elektronisk musikk. Dette er mannen som titulerer ein låt til ei middagspylse frå Voss, Vōs-sākō-rv! 

Lindstrøm på Facebook
Lindstrøm heimeside

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice