Artist

hesjakassen

Kunstlarm 2.0.

 

Bygdalarm skipar til ei eiga utstilling under festivalen på sjølve festivalområdet og på Kvam bygdemuseum på Storeteigen. Tradisjonelle tymbrestover, stabbur og røykjehus vert fylt med moderne kunstuttrykk. Noko av det som vert utstilt er mogeleg å kjøpa.

Stad: Kvam bygdemuseum Storeteigen
Opning: Fredag 5. juli kl 16
Pris: Gratis

 

Om kunstnarane:

Hesjakassen:
Bygdalarm har i alle år nytta hesjer som innhegning av området på festivalen. Kunstnaren Rune J. Svendsen aka jedy(chan) / shadeshape har tidlegare brukt halvturre hesjer som lerret. Jonsokaftan 23. juni 2013 skal borna i bygda samlast på Storeteigen for å gjennomføra ein gamaldags slåttonn med ljå og hesja med tradisjonelle staur og troer. Desse hesjene skal i oppkøyringa til Bygdalarm spraylakkerast av Jedy. Ynskjemotivet til kunstnaren, Iron Maiden sin maskot Eddie, vert endeleg ein røyndom.
Meir info: http://shadeshape.no/

Bygdaheim:
Designaren Eirik Hitland Johannessen aka Higren, også medeigar og visuell kommunikatør i byrået Kassett AS gjennomfører på Bygdalarm ein lokalt tilpassa HEIM - Bygdaheim! Johannessen har hatt suksess med det virale prosjektet HEIM som går ut på å sejta tekst til gamle og vilkårlege bilete frå nettet. Ideen vert no tilpassa bygda og stadbundne bilete frå regionen. Utstillinga er til sals!
Meir info:
http://heimheim.tumblr.com/

TC Øye:
TC, aka Trond Carsten, er oppvaksen i Sauda og er no busett på Voss. Han jobbar som oftast med olje og blyantteikningari klassisk figurativ stil. Han har tidligere målt hjå Jarl-Hugo Låstad , noko som har gjeve stor inspirasjon arbeida hans. Utstillinga er til sals.

Utstillingar:
Joleutstillinga i Sauda: 2008
2009
Sommarutstillinga i Sauda: 2009
Sommarutstilling i Galleri YRiOs, Os: 2010
”Tankers møte” ved Galleri Rallaren august 2010
Tre Brør Cafè i desember 2009 Juni 2010 og august 2012
Meir info: http://tcoye.com/

Tord Torpe: Turnips:
Den lokale kunstnaren Tord Torpe tek med kunstkollektivet Turnips heim til Bygdalarm og involverer lokale kunstnarspirer til samarbeid inne på sjølve festivalområdet. TURNIPS: Kreativ glede i fokus! 

Turnips er eit interdisiplinært kunstnarkollektiv og forlag, starta opp hausten 2012 av noverande og tidlegare studentar ved kunst- og designhøgskulen i Bergen. I april slapp dei Vegetable Comic, fyrste utgåva av deira alternative teikneserieantologi.

"Den mest oppløftande norske utgjevinga Natt&Dag sin teikneserieredaksjon har sett på år og dag" skreiv Aksel Kjelland, anmeldar i N&D. 

Men turnips er som kjend ein mangfaldig grønsak, og karane i Turnips ynsker å leva opp til namnet. Dei har allereie rukke å setja opp to utstillingar i vår, éi i Bergen og ei i Skjerjehamn. 

Uavhengig av medium, Turnips opererer ofte i eit figurativt, surrealistisk, karakter-orientert landskap. Dei tek opp samfunsaktuelle problemstillingar kring miljø, ulikskapar mellom menneske, og moderne livsstil.Også meir private, indre, gjerne filosofiske spørsmål vert handsama. Men Turnips er også glade i kvasifilosfi og generell nonsens. 

Under Bygdalarm tek Turnips med seg eit par andre kunstnarvener til Øystese med mål om å laga eit digert, kollektivt kunstverk. Men ikkje berre ynskjer dei å samarbeida seg i mellom, dei ynskjer også å få med DEG i ei ledig stund. Anten før, under eller mellom dei musikalske godbitane. Tanken er å fylla ein om lag 2X9 meter stor vegg med eit vell av måling og teikning, lag på lag. Fokuset skal liggja på teikneglede og terskelen for å delta skal vera låg. Dette understrekar Turnips med at det er ikkje veggen i seg sjølv som vil utgjera det ferdige kunstverket, men ein prosessfilm som dokumenterer utviklinga på veggen. Så om du har ein liten kunstnar i magen, eit ynskje om å uttrykka deg i på ein offentleg synleg vegg, eller om du berre likar å teikna, oppfordrar Turnips deg til å stoppa opp og bli med på moroa.


Maretes GarageART: Siloballkunst:
Marete Lund Bakke er opphaveleg frå Eidfjord, men er busett på Os. Kunstretninga er spraylakkering. Særleg vektlagt er bilar - store bilar! På Bygdalarm får Marete oppdraget med å spraylakkera ei røys med siloballar. Denne seansen går føre seg på sjølve festivalområdet laurdag 6. juli kl 17 - 23 og vert gjort med stønad frå MALIA.
Les meir om Marete på Facebook

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice