Artist

hh_small_normal0

Håkan Hellström (SE)

 

Nordens største entertainer toppar plakaten på årets Bygdalarm. I samarbeid med energiselskapet BKK presenterer me Gøteborg-yndlingen og rebellen Håkan Hellström.

Han har ei svært innhaldsrik karriere i bagasjen når han tek med ein heilt storfamile på scena i Øystese og spreier musikalsk kjærleik til publikummet. Dette har han gjort heilt sidan debuten med ”Känn ingen sorg för mig Göteborg” i 2000. 13 år seinare kjem ei ny plate som symptomatisk nok er kalla "Det kommer aldrig va över för mig” – den sjuande i rekkja. Me vonar det aldri vil gå over! I ein time skal Håkan Hellström få eiga kroppen og sjela ein laurdag kveld ved fjorden og fonna i vakre Hardanger. Kven vil vel takka nei til noko slikt?

 

Håkan Hellström heimeside

Håkan Hellström på Facebook

 

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice