Artist

vinterland_thumbnail

Fredsfilmlarm: Vinterland

 

 Stad: Verkstaden på Storeteigen
Tid: torsdag 4. juli kl 21
Pris: Gratis
NB! Kun 25 plassar


"Fredsfilmlarm" er eit samarbeid mellom Bygdalarm og Røde Kors flyktningguide i Kvam.

Me presenterer...:

Vinterland (2007) 52 min 

VINTERLAND er regissert av Hisham Zaman som i 2005 laga Amanda- og Grimstad-vinnaren Bawke (beste kortfilm), og som i 2013 har hausta internasjonal heder og ære for filmen Før snøen faller*.

Med varme og eit humoristisk skråblikk fortel Zaman historia om den kurdiske flyktningen Renas som bur åleine, langt mot nord, og langt frå heimlandet. Han har fjern-gifta seg med ei kvinne, Fermesk, som han berre har sett på fotografi. Nå gler han seg til at ho skal koma med fly frå Nord-Irak for å bu saman med han. Men når ho kjem, liknar ho korkje på fotografiet eller er heilt som han drøymde om. Og han lever heller ikkje opp til hennar draumar. Han er langt ifrå like rik, ung og ven som ho har fått vita. Rusen frå den fyrste forelskinga er over. Begge angrar. Men no har de berre kvarandre, under samme tak, i vinterlandet. Kva skal dei gjere? 

Filmen kallar heller på empati og nysgjerrighet enn flukt frå røynda. Sjølv om regissør og distribusjonsselskap insisterer på at den "først og fremst er en kjærlighetshistorie", så teiknar filmen eit bilete av menneske som er sterkt prega av politikk og kultur:  Filmen rører ved tema som "integrering", "arrangerte ekteskap", "familiegjenforening", "oppholdstillatelse", "kulturkollisjoner", "ære", "plikten til å være jomfru", - men likevel utan at filmen samlar alle desse assosiasjonene til et konkret budskap.

Med å vise filmen ynskjer me i tillegg til ei hjartevarmande filmoppleving at filmen setter igang tankar og samtalar om samspel og inkludering i bygdene våre. Snurr film, snurr liv!


HISHAM ZAMAN regissør

Hisham Zaman (født 1975) er utdannet regissør fra Den norske filmskolen. Han gjorde tidenes gjennombrudd på Kortfilmfestivalen i Grimstad i juni 2005 der Bawke vant fem priser, inkludert Gullstolen og europeiske Prix UIP. Filmen fikk også Amanda for beste kortfilm 2005, samt Canal + prisen ved Nordisk Panorama i Bergen i september samme år. Den var dessuten nominert til European Film Awards 2005 som beste europeiske kortfilm, og var invitert til Sundance Film Festival i januar 2006. Filmens produsent er Spillefilmkompaniet 4 ½.

Hans siste film Før snøen faller (2013) blei vinnar av BESTE NORDISKE FILM under Gøteborg internasjonale filmfestival 2013 og vinnar av beste foto Tribeca Film Festival New York.

Trailer

IMDb

Kurdish refugee, Renas, is living in the very north of Norway. In a remote desolate house. In the middle of snowy nowhere. But soon his special princess, Fermesk, will be joining him. Though the couple has never met, they have already fallen in love from looking at each other's photographs and talking on the phone. Their families have performed a wedding ceremony back home in Iraq, and Fermesk is put on a plane. The first encounter at the airport does not live up to their expectations, however. Neither look very much like their flattering photos would indicate. Fermesk is now a much bigger woman, and Renas isn't quite the handsome young man anymore.

Arthaus hjemmeside Vinterland

Film&Kino  Vinterland

* Før snøen faller:

Åpningsfilm TIFF 2013

Filmweb

Dagbladet

 

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice