Artist

dj_funkin_matt

DJ Funkin Matt

 

Funkin Matt er opphaveleg frå Tønsberg, men er no Oslobasert. Han er DJ og produsent som i skrivande stund er aktuell med EP-en "I Wish" på A-Traks label Fools Gold. EP-en kan høyrast her! I samband med sleppet av EP-en laga han og ein promo mix, som kan lyttast til her.

Mats, som han eigentleg heiter, har gjeve ut EP-ar og remixar på fleire forskjellige plateselskap sidan 2007. Han har og turnert mykje i Europa dei siste åra. I tillegg til å vera DJ, driv Funkin Matt plateselskapet Fjordin, saman med Gregor Salto. Låtane hans har den siste tida vorte spelt av A-Trak, Crookers, Nicky Romero og mange, mange fleire når dei turnerer verda med sine DJ-sett. Funkin Matt har og ei lang rekkje remixar i ermet m.a. Sean Kingston, Carl Louis & Martin Danielle og Maya Vik, for å nemna nokon.

DJ Funkin Matt på Facebook

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice