Artist

bloodcommandnyttbildeidamariet

Blood Command

 

Norsk krut opnar Bygdalarm!

Då Blood Command vart danna i 2008 av Silje Tombre, Yngve Andersen og Sigurd Haakaas, var det med eitt mål for auga: å kombinera den skamlause, dansbare klubbmusikken dei elska å dansa til og sin store kjærleik for hardcore og rock. Bandet lukkast på fyrste forsøk, og vart finalistar i NRK sin Urørtfinale og Spellemann-nominert for debutalbumet "Ghostclocks". I tillegg til å spela inn ein EP-trilogi, har har Blood Command brukt dei siste åra på heftig utanlandsturnering, mellom anna som oppvarmingsband for Comeback Kid og Protest the Hero. Ihuga som dei er, har de også makta å spela inn sitt andre album. "Funeral Beach" kan skilta med 5/5 i Kerrang, 5/6 i VG, Dagbladet, BA, BT, og P3, for å nemna nokon.  Metal Hammer UK gav bandet 9/10 og sa at bandet er noko av det beste dei har høyrt dei siste åra.

Blood Command er tilbake og klar for å bråka og fenga Bygdalarm-publikummet!

Blood Commmand heimeside
Blood Command på Facebook

Program

 

Torsdag 04.07

 

Fredag 05.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 06.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice