Nyhende

ida_sorheim

Ny nemnd og sjef i Bygdalarm

 

Etter årets pause, ein pause som oppstod etter ti festivalar på rad, er Bygdalarm klar for å strekka på seg igjen med ny vind i segla. Meir enn halve nemnda forblir det same, og det er dermed ei optimal blanding av erfarne og erfaringslystne. Festivalsjef Kirsti Aksnes kjem aldri til å forlata Bygdalarm, og held fram som bookingansvarleg, men sjølve sjefsstolen gjev ho med glede frå seg til Ida Sørheim. Ida har vore Lurkalarm-general dei siste åra og er ein kløppar på organisering. 

 

Det alle spør seg er: vert det Bygdalarm 2018? Nemda jobbar ivrig for det. Det vert jobba hardt med å få klargjort eventuell tomt, noko som er avgjerande for avvikling. På gamletomta i Øystese vil det høgst sannsynleg verta sett i gang arbeid med det lenge planlagde Hardangerbadet. Styret har utreia fleire tomteidear, men kjem ikkje til å gå ut med noko før dette er avgjort. Helga vert i såfall sjølvsagt den same, 5.-7.juli 2018.

 

Profilen kjem etter alle strålande solemerke å forbli den same, med det det inneber av hesjastaur og hipsterar i skjønn foreining. 

 

Bygdaelsk til alle!

 

Nummert til nyesjefen Ida Sørheim er 920 85 054, epost ida@bygdalarm.no.

Hald deg oppdatert!

 

Hald deg oppdatert ved hjelp av vårt nyhendebrev:

Nyhendebrev

Kjøp billettar hjå Billettservice