Soga
Bygdalarm vart arrangert fyrste gong 6. og 7.juli 2007. Ideen om å laga musikkfestival i Hardanger har nettopp vore ein ide over lengre tid. Fyrst i laupet av hausten 2006 vart ideen teke eit steg vidare. Arbeidstittelen var "Føling i floren". Tanken var å fylla eit kulturelt vakuum som har vore gjeldande i regionen ved å arrangera eit spenstig populærmusikkarrangement i storslagne omgjevnader. På nyåret 2007 vart eit styre nedsett og den konkrete planlegginga var i gang!
Om organisasjonen
Bygdalarm er skipa som ein frivillig organisasjon og er registrert i Brønnøysundregisteret med organisasjonsnummer 990 920 567.
Utanom festivalen skipar me til konsertar av høg kvalitet gjennom heile året på ulike stader i Kvam.
Styret består av fem personar:
Arne-Kristian Teigland Tlf 91 39 45 06
Ole Dominicus Storaas Ones Tlf 99 42 88 12
Alvin Vestrheim Tlf 90 69 18 30
Øyvind Kjørlaug Tlf 91 74 32 19
Kirsti Aksnes Tlf 45 24 34 91
Profil
Fenalår og deilegpop til folket! Musikalsk ynskjer me halda ein spissa profil og presentera ulike artistar med ulikt musikalsk uttrykk tett knytt opp mot sjangrane indiepop, rock, elektronika og funk. Me ynskjer fletta saman det beste innanfor urban populærmusikk med dei mest storslagne og rurale omgjevnadane på Vestlandet. Bygdalarm skal vera ein arena for så vel etablerte artistar som nye. Totalt ynskjer me å skapa ei heilskapeleg konsertoppleving for publikum i uformelle og innhesja råmer. Samstundes legg me stor vekt på å syta for artistane sitt ve og vel slik at dei sit att med ei god festivaloppleving. Som vertskap for eit slikt arrangement har me fokus på tryggleik og nyttar store ressursar på det. I tillegg syter me for gode fasilitetar på festivalområdet med god og lokal matservering.
Artistliste tidlegare år
2015: http://bygdalarm.no/2015/program/
2014: http://bygdalarm.no/2014/program/
2013: http://bygdalarm.no/2013/program/
2012: http://bygdalarm.no/2012/program/
2011: http://bygdalarm.no/2011/program/
2010: http://bygdalarm.no/2010/program/
2009:
Ash (UK)
Melody Club (SWE)
Florence Valentin (SWE)
Side Brok
The School
Mammut (ISL)
Pony the Pirate
My Little Pony
DJ Asbjørn Slettemark
Across the Pond DJs (UK/N)
MAO
Funktioneers
Get Dancy!
Trondheim Elektroverksted
DJ Skatebård
2008:
Datarock
Superfamily
I`m from Barcelona (SWE)
Real Ones
Heros & Zeros
A Boy Named Sue feat Nan Espeseth
Professor Pez
Cats on Fire (FIN)
Gjerstad Funk- og Fiskarlag
The Foggy Few
DJ Sloppy Joe
Indiegranskauen
2007:
Odd Nordstoga
Dark Side of the Wall
Heidi Marie Vestrheim
Sgt Petter
Brut Boogaloo
Major Parkinson
Herr Nilsson
The Alexandria Quartet
Orbo & the Longshots
Esther
DJ Skatebård
DJ Brit Brastuff
DJ Draugen