dreng_taus0

Dreng & Taus

 

Bygdalarm vert det største musikalske arrangementet av sitt slag i Hardanger i 2018. Festivalen aukar i omfang og merksemd for kvart år. Me i familien Bygdalarm er stolte av å invitera folket til ei ny strålande musikkoppleving fyrste helga i juli. For å avvikla dette treng me hjelp frå frivillige drenger og tauser som veit å setja pris på godt, gamaldags dugnadsarbeid.

Me treng folk til å fylla desse arbeidsoppgåvene:

- trivselsvakt, scenevakt og nattevakt

 - scenehjelp

- billettsal og akkreditering

- ølsal

- effektsal

- artistvertskap

- opprigg og nedrigg av festivalområdet før og etter festivalen

- plakatopphenging 


Ta kontakt med 
frivillig@bygdalarm.no dersom det er noko du lurar på.

 


Me tilbyr:

- Fyrst og fremst at du får høve å bidra til at festivalmaskineriet går som smurt
- Full opplæring i det du skal gjera i god tid før festivalen
- Årets frivillig-t-skjorte laga av vår eiga designargruppe www.overhaus.no

- Du får delta på den smått legendariske frivilligfesten sundagen etter festivalen 
- Gratis festivalpass som kan nyttast den dagen ein ikkje jobbar + knallgod, lokalprodusert mat den dagen du er på jobb

*NB! Påmelding er bindande. 

Familien Bygdalarm ser fram til å høyra frå deg!

Fyll ut skjema under, og skriv tre ynskjer for kva jobb du ynskjer deg. 

Personalia

Kontaktinformasjon


Kva dag høver det best å arbeide?

Litt om deg sjølv

 

Kjøp billettar hjå Billettservice