Artist

hi_res_comp_1_version5tosend0

Teenage Fanclub

 

Verdas beste band til Bygdalarm! Draumen om eit av dei viktigaste banda i internasjonal pophistorie til Bygdalarm kjem fyllest fredag 6. juli 2012. Teenage Fanclub har inspirert dei fleste banda som herja verda under britpop-bylgja på 90-talet. Med signaturen fuzzgitarar og solskinsmelodiar står Teenage Fanclub fram som eit av verdas fyrste og beste indieband. Gjennombrotsplata ”Bandwagonesque” (1991) vert  av mange framheva som eit av dei beste albumet dette klassiske albumåret.  Dei vart danna i Glasgow attende i 1989 og består av mellom anna 3 av verdas beste låtskrivarar. Dette har resultert i at dei aldri har gjeve ut ei dårleg plate og er like betydningsfulle i dag som for 20 år sidan. 9 totale studioalbum gjev eit låtmateriale som alle kan gle seg til å oppleva på denne deilege festivalkonserten i Noreg i 2012.  

Teenage Fanclub heimeside
Teenage Fanclub på Facebook
Teenage Fanclub på Spotify

Program

 

Torsdag 05.07

 

Fredag 06.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 07.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice