Artist

robert_johnson1

Littlarm 2012

 

I samarbeid med Kvam Mållag og Kunsthuset Kabuso inviterer me til gjendiktar-tevling! Tematikken er: Farlege vegkryss og kaldhjerta kvinnfolk: Robert Johnson på nynorsk

Me utfordrar med dette lekmann og lærd over heile landet til å kasta seg inn i tevlinga om dei beste Robert Johnson-gjendiktingane. Vinnartekstane vert framførte av den kritikarrosa musikaren og Dylan-omsetjaren Tom Roger Aadland(www.tom-roger.com) under arrangementet LittLarm på Kunsthuset Kabuso (www.kabuso.no) i Øystese.Kjartan Fløgstad vert også til stades under tevlinga.

Aadland kjem og til å framføre ei førehandstinga Johnson-omsetjing ved forfattar, musikar og Robert Johnson-fan Olav R. Øyehaug.Aadland vil også presentera Kjartan Fløgstad sitt bidrag.

Tidspunktet er laurdag 7. juli kl 15 - 17.
Pris kr 120/60 (utan/med festivalpass)

Tevlinga går kort og godt ut på å ta føre seg ein (eller fleire) av dei 29 songane Robert Johnson etterlet seg, i form av innspelingar frå 1930-talet, og skrive ei gjendikting som er originalen verdig.

Robert Johnson (1911-1938) er i følge Kjartan Fløgstad  «...ein av dei aller viktigaste musikalske føresetnadene for rock´n´roll, og dermed for moderne musikk og songlyrikk i det heile.” Han har so vidt me kan sjå ikkje vore omsett til norsk før.

Reglar:

-Deltakarane får stor fridom. Bokstavtru omsetjing vil ikkje naudsynlegvis verte premiert. Det viktigaste er å fange opp stemninga og bodskapen i teksten, og ein må gjerne tilpassa han til norsk samtid.

-Det er og ein føremon om verselengder og rytmer vert intakt, slik at sangen kan framførast nokolunde likt med orginalen.

-Teksten skal vere nynorsk-basert eller på dialekt. Dersom han er på dialekt, set me pris på at dette er gjort mest mogleg gjennomført. Legg gjerne ved forklaringar.

-Ein jury satt saman av Tom Roger Aadland og representantar frå arrangørane kjem til å kåra ein eller to vinnarar.

-Legg ved navn og kontaktinformasjon.

 

Premiar:

I tillegg til å få gjendiktinga framført av Tom Roger Aadland, vil vinnarane av konkurransa få både heder og ære sovel som dagspass til Bygdalarm.

 

Tidsfrist:

Teksten må vere arrangørane i hende innan 15. juni 2012.

 

Adresse:

Send di gjendikting saman med originalteksten til littlarm@bygdalarm.no

 

Originaltekstane finn du t.d her: www.lyricsmania.com/robert_johnson_lyrics.html

 

Program

 

Torsdag 05.07

 

Fredag 06.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 07.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice