Artist

indiemoog

IndieMoog

 

 

IndieMoog har late seg inspirera av hip-hop-musikken, med sine lange, hypnotiserande  sekvensar med tunge grooves & beats.
Helén Eriksen og Erik Håkon Halvorsen har komponert musikken og Helén skrive tekstar. I samarbeid har musikarane produsert eigne samplingar/loops til komposisjonane, og ved hjelp av elektronikk skapar IndieMoog eit moderne og urbant uttrykk. Men, i botnen ligg klangen av vokal og akustiske instrument. Dette er utøvarar med lang fartstid, og dei nyttar jazzen sitt tonespråk til å skape eit eige sound!

Helen Eriksen er saksofonist, vokalist og låtskrivar frå Dale. I 1996 gav ho ut sitt fyrste (av fire) album "Standards" på jazz-plateselskapet Blue Note Records. Albumet vart produsert av hip-hop-produsenten Tommy Tee og gav henne Spelemannsprisen i kategorien "Årets Nykommer". Ho er den fyrste og einaste norske artist som har fått gjeve ut ein EP og to album på Blue Note Records, og ho har delteke på ei rekkje utgjevingar som gjesteartist for bl.a. Dum Dum Boys, Pogo Pops , Sondre Lerche, Son of Light og BLee.
http://www.myspace.com/heleneriksen

Erik Halvorsen er pianist og bur i Bergen. Han starta som trommeslagar i punk-bandet "Stratosgutane". I fleire år var han landsdelsmusikar i Finnmark, men no er han attende i Bergen og er aktiv i jazzmiljøet der.Han kan høyrast som akkompagnatør for artistar som Sondre Lerche, Olav Dale og Daniel Amaro og som bandmedlem i Johan Sara group. I 2007 gav han ut CDen "Erik Halvorsen trio" med eige materiale.
http://www.erikhalvorsen.no/1.html

 Stein Inge Brækhus er trommeslager frå Os som også driv lydstudioet www.breakhousestudio.com.    Han har medvirka på plater og turnear med Åge Aleksandersen, Bjørn Eidsvåg, Jan Eggum, Helene Bøksle, Vamp og SUBTRIO feat. Paolo Fresu. Han har breid røynsle frå ymse musikkgenrar og frå studioarbeid, og mottok Rolf Gammeleng-prisen frå FFUK for dette i 2002 og Vossajazz-prisen i 2001. Forutan å vera utøvande musikar, underviser han og er fast tilsett ved Institutt For Musikk & Dans ved UIS,          
http://www.myspace.com/steiningebraekhus

 

Program

 

Torsdag 05.07

 

Fredag 06.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 07.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice