Artist

4793001020a

FIlmlarm: Dig! + «Tilbake til Ålvik»

 

Årets Filmlarm set fokus på den prisløna dokumentarfilmen Dig! frå 2004. Filmen omhandlar elsk/hat-forholdet mellom banda The Brian Jonestown Massacre og Bygdalarm-aktuelle The Dandy Warhols - særleg porterttert via frontfigurane Anton Newcombe og Courtney Taylor-Taylor. Gjennom 7 år med filming dokumenterer filmmakaren Ondi Timoner ulike vegar mot ulike former for suksess.Gjennom kjærleik, kamp, intrigar, arrestasjonar og ein sams elsk for musikk!

Velkomne på Filmlarm på Øvreviken pub torsdag 5. juli kl 21.

Dig! heimeside
Dig! på IMBD

«Tilbake til Ålvik» av Tord Torpe
«Tilbake til Ålvik» er resultatet av Tord Torpe sitt bachelor-prosjekt i visuell kommunikasjon ved kunst- og designhøgskulen i Bergen. Han har sjølv arbeidd ein del som vikar ved hjørnesteinsverksemda i industribygda Ålvik; smelteverket Bjølvefossen. I prosjektet vert lokalhistoriske forteljingar i eit utradisjonelt visuelt språk formidla. Med dette som overordna mål reiste han attende til Ålvik for å leita etter materiale. Resultatet vart ein animasjonsfilm som fortel historia om Tord sjølv og hans reise attende til Ålvik og Bjølvefossen. Han skildrar staden med subjektive augo, og vonar filmen kan vera eit kreativt tilskot til eksisterande lokalhistoriske framstillingar av Ålvik.

Program

 

Torsdag 05.07

 

Fredag 06.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 07.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice