Artist

bloody_beach_pressebilde

Tellè: Bloody Beach

 

 

Bloody Beach er bandet som veldig mange har høyrt om, men som ingen kjenner ordentleg. Bandet spelar det dei sjølve kallar ethno rock, ei blanding av mykje rart; sex, afrobeat, dub og rock. 2012 ser ut til å verta eit svært godt år for Bloody Beach. I mars er bandet invitert til å delta på den svært prestisjefylte showcasefestivalen South by Southwest i Austin, Texas før dei feier over den norske festivalfloraen og avsluttar sommeren med å komma med debutalbumet sitt på Tellé Records. Sjølv om albumet kjem ein gong på indianarsommaren, så er det ikkje fyrste gong verda får høyra Bloody Beach sine låtar. Bandets fyrste EP, ''Bonanza EP'', vart gjeven vekk (GITT VEKK!) i 2010 og 7-tommeren ''Quembo Que?'' kom våren 2011. Urørt nominerte låta 'Bonanza' som kandidat til Urørtfinalen. Like etter byrja Lydverket å nytta same låt som vignett til på TV. Bloggarar i Tyrkia, Peru og austblokkland elskar Bloody Beach, og det leiande musikkmagasin i Skandinavia, Gaffa, skreiv at Bloody Beach er et ”fremragende liveband” med en ”insisterende tilstedeværelse på scenen”.

Om samarbeidet:
"Bygdalarm presenterer i samarbeid med Tellè Records "Den elleville bygdefesten"! Klubblarm laurdag 7. juli vil stå i Mikal Telle sitt teikn og tek utgangspunkt i dei legendariske kveldane under hamen "Den elleville festen" som vart arrangert i Bergen på Kvarteret og i Grieghallen. Med retrospekt i augo døyper Bygdalarm om klubblokala til Agora og Miles Ahead og presenterer deilegpop i tre etasjar"

Bloody Beach heimeside
Bloody Beach på Soundcloud
Bloody Beach på NRK Urørt
Bloody Beach på Facebook

Program

 

Torsdag 05.07

 

Fredag 06.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 07.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice