Artist

1326817410000_anja_elena_viken

Tellè: Anja Elena Viken

 

 

Køyr deg opp med 20 år gamle Anja Elena Viken som klæssar deg ned! Dette er artisten som etter kun ei låt vart plukka opp av Made management. Dette er den drøye varianten av Razika med direkte tekstar og enormt fengande melodiar. Kun med 2 låtar på NRK Urørt er arnajenta alt vorte nemnt som ein viktig artist i 2012. Som fyrste norske festival er det stas å kunne sleppa til Anja Elena Viken til ein kort, men intensiv konsert!

Anja Elena Viken på NRK Urørt
Anja Elena Viken på Soundcloud
Anja Elena Viken på Facebook

Om samarbeidet:
"Bygdalarm presenterer i samarbeid med Tellè Records "Den elleville bygdefesten"! Klubblarm laurdag 7. juli vil stå i Mikal Telle sitt teikn og tek utgangspunkt i dei legendariske kveldane under hamen "Den elleville festen" som vart arrangert i Bergen på Kvarteret og i Grieghallen. Med retrospekt i augo døyper Bygdalarm om klubblokala til Agora og Miles Ahead og presenterer deilegpop i tre etasjar"

Program

 

Torsdag 05.07

 

Fredag 06.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 07.07

 

Klubblarm

 
Kjøp billettar hjå Billettservice