Artist

64fcc65d_afca_102d_963e_f9db5d

Shining

 

Det er med stor spaning og forventning Bygdalarm presenterer Shining. Eit utradisjonelt band og eit nytt bidrag til scena ved Hardangerfjorden. Bandet definerer ein eigen sjanger kalla blackjazz og befinn seg i eit skjeringspunkt mellom metall, prog og jazz. Nokon nemnte The Mars Volta møter Slayer og er inne på noko. Denne giftige miksen resulterer i eit revolusjonerande musikalsk uttrykk ein ikkje har mogelegeit å stilla seg likesæl til. 6 svært forskjellige album bak seg, ei røys med prisar og nominasjonar, 1 million frå a-ha. Me møter her ein gjeng musikarar i den desiderte norske musikalske elite som aldri ser seg attende og produserer eit svært viktig bidrag til den norske musikkfloraen. Shining presenterer musikk du ikkje trudde du var i stand å fordøya. Gjer deg klar til ei musikalsk oppleving på ein kvass knivsegg fredag 1. juli.

Shining heimeside
Shining på Myspace
Shining på Facebook

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm