Artist

ll_logo2

Lurkalarm 2011

 

Lurkalarm 2011
Lurkalarm er eit triatlon som er overkomeleg for dei fleste. Det er ein styrkjeprøve og fredeleg kappestrid vener, veninner, lett mosjonerande, godt trena, seigmenn, miljømedvitne, kraftkarar og kvinner, brandar og stilkar kan gjennomføra. Alle er velkomne til å delta, og det viktigaste er at ein skal ha det kjekt. 

Målet med Lurkalarm 2011 er å skapa eit triveleg arrangement med fokus på sunn helse og samhald. Tilstellinga promoterer flotte naturopplevingar i rurale omgjevnader.

Hovudvinsten er ein lurk. Ein lurk er ein avskava bjørkekjepp vinnaren får rissa inn namnet sitt i. Denne lurken er ein "linjelurk", som lyt berast 1000 høgdemeter i etterkant av arrangementet for innriting av namnet. Ritaren er Bjarne Huse og åstaden for seremonien er Breidablikk nedunder fjellet Skrott.

Løypa 

Triatlonet startar med symjing i hotellkai- og Øystesetranda området, omlag 150-200m. Deretter skal ein sykle opp til Klypeleitet, ved starten av sogestien, og så springe/jogge/krype resten av distansen inn til målpasseringa på Blekeld.

Den sosiale etappen

Etter at alle har passert mål skal me samlast på Blekeld der grilling og sosialt samkome vil stå i høgsete. Her vil det òg vera rom for kalde forfriskingar av eige val. Kvar einskild syter for grillmat og lesk til seg sjølv, me bamannar grillen. I tillegg vil det verta delt ut premiar av ymse slag. På kveldstid skipar Bygdalarm til arrangement på Øvreviken Pub, der alle over 18 år er velkomne. Dette vil vera gratis og krev ikkje at ein har festivalpass.

Tryggleik

Me har sett tak på deltakartalet til 40, slik at me er visse på å avvikla eit trygt og knirkefritt arrangement. Langs løypa skal det stå innleigd hjelpemannskap frå Raudekrossen, i tillegg til eigne friviljuge.

Påmelding

All påmelding skjer via skjermbrev til lurkalarm@bygdalarm.no. Skriv namn, alder og heimsrad. Fristen for å melde seg på er 26. juni og startkontingenten er på 100 kr og betalast inn til konto etter stadfesting av påmeldinga.

Kontaktperson

Einar Lundblad
Kyrhagen 47
5610 Øystese
Tlf: 41142334 (indisponibel grunna utanlandsreise)
Mail: lurkalarm@bygdalarm.no

 

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm