Artist

odveigklyve_fulloppl_03___kopi

Littlarm: Tonesetjar-idol

 

Saman med Kvam Mållag, Kunsthuset Kabuso og Huus Bokhandel skipar me til Littlarm med tonesetjar-idol.
Staden: Kabuso
Dato: laurdag 2. juli kl 15
Pris: kr 100, kr 50 med festivalpass

Littlarm: Tonesetjar-idol:
Det er midt på sommaren og midt på dagen, midt i Hordaland og midt i Øystese. Det er midt i festivalen og sola skin deg midt i fleisen. Det er poesitid. Fjorårets uomtvistelege suksess gjer at Littlarm 2011 har tukla minimalt mogeleg med den gamle oppskrifta: Tonesetjar-idol. Innpakninga er med andre ord den same, men artistane er (til dels) nye. Dei gamle grekarane kalla det for lyrikk, når nokon hadde laga vers som skulle framførast til lyreakkompagnement. Det var m.a.o. fyrst når ein fekk lyrekomp at teksten kom til sin rett. Men dette kjenner me att frå popen og rocken i dag og, for mange har nok merka seg at pop-tekstane ikkje alltid vert fullt så genial når ein tek vekk musikken.

Det samme kan ikkje seiast om lyrikken me har teke føre oss i i Littlarm 2011, men så er han heller ikkje skriven for å framførast til lyre. Årets littlarmlyrikar, Odveig Klyve, skriv dikt som stend på eigne bein. Ho er utflytta kvemming, men det er nærliggande å tru at ein del av poesien har oppstått i hytta hennar i Klyve. Dikta hennar rimar ikkje og rytma kan vere vanskeleg a fanga.

Det kan altså verte utfordringar for dei fire finalistane i Tonesetjar-idol som skal tonesetje og framføre sjølvvalte dikt frå Klyve. Urframføringane vert serverte til eit forgapt publikum og eit nådelaust dommarpanel sett saman av mellom andre Littlarm-lyrikaren sjølv.

Den einaste regelen i Tonesetjar-idol er at det berre vert nytta eitt instrument under framføringa. Dette treng ikkje vera lyre.

Finalistane er :
Margrethe Schaufel (piano)
Stig Lundblad-Sandbakk (banjo)
Eva Pfitzenmaier (elektronikk)
Christian Bjotveit Fonneland (gitar)

I dommarpanelet:
Oddveig Klyve
Ragna Helene Vestrheim
Vidar Berge

Innerst i ein sommar

Lufta tung
av sol og vatn

Vatnet klart
av regn og måne

Månen svevande
av jord

Natta fylt
av stup

Oddveig Klyve

 

 

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm