Artist

njaal__by_sjur_pollen

Ekko DJs: Njaal // Sanhueza // Asel

 

Ekko: Grand finale på Skukkjen! Med ein troika beståande av det fremste innan elektronisk musikk er den sveitte stemninga sikra.

Asel (Hot!Hot!Hot! / Ekko)
 Asel er ein av drivkreftene bak den elektroniske musikkscena i Bergen, både som arrangør av klubbar, konsertar og som platesnurrar. I tillegg til å reisa land og strand rundt som dj er han og sjef for Ekkofestivalen og The Fix. Han har tidlegare stått bak ei rekkje klubbar og arrangement som t.d.den legendariske klubben Elektra (1999-2004), samt ei tallaus rekkje konsertar. Saman med Mikal Telle utgjar han og klubbkonseptet/dj-duoen Hot!Hot!Hot! som har ei imponerande liste spelejobbar bak seg.

Njaal (Nabovarsel)
Unge Njaal er ikkje berre ein av grunnleggjarane av Nabovarsel, men og ein viktig figur i Young Dreams og Put Your Hands Up For-Neo-Tokyo. I tillegg kjem det ein 12" på plateselskapet Untz Untz, med låta "Me And Hugh". Den er ein favoritt hjå ymse DJs og redaksjonen til NRK Lydverket. Det same gjeld remiksen hans av Skatebård sin "Kosmos", som og kom ut på ein 12"-utgjeving. Såelestilenl er kjent for å vera svært variert, men likevel dansbart. Det kan dei som fekk oppleva kultklubben Strædet si storheitstid skriva under på.

Sanhueza (Nabovarsel)
Sjølvaste skiparen av klubbkollektivet Nabovarsel spelar opp til dans ved å blanda saman disco og house på sin eigen rare måte.

Nabovarsel heimeside

Klubblarm fredag 1. juli på Hardangerfjord hotell vert gjort i samarbeid med Ekkofestivalen. Ekko er ein festival innan det utvida elektroniske kunstfeltet og finn stad i Bergen kvar haust. I tillegg er Ekko medarrangør på elektronikakvelden The Fix under Bergenfest. I samarbeid med Bygdalarm har Ekko utarbeidd ein spennande klubbkveld.

 

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm