Artist

bjorn_torske_byemblakaridotter

Ekko: Bjørn Torske

 

Bjørn Torske (Smalltown Supersound) 

Tromsøværingen (som rett nok har vore busett i Bergen i mange år) vert rekna som gudfar til den norske house-scena. Ei rekkje legendariske utgjevingar har ført til spelejobbar over heile verda. Bak seg har han no fire album, kor det siste, Kokning, vart nominert til Spellemann for "Årets Elektronika 2010". Tidlegare utgjevingar har også hausta stor åtgaum internasjonalt, mellom anna med glitrande omtalar i Pitchfork og Fact Magazine. 

Bjørn Torske på Myspace

 

Om samarbeidet med Ekkofestivalen:
Klubblarm fredag 1. juli på Hardangerfjord hotell vert gjort i samarbeid med Ekkofestivalen. Ekko er ein festival innan det utvida elektroniske kunstfeltet og finn stad i Bergen kvar haust. I tillegg er Ekko medarrangør på elektronikakvelden The Fix under Bergenfest. I samarbeid med Bygdalarm har Ekko utarbeidd ein spennande klubbkveld.

Program

 

Torsdag 30.06

 

Fredag 01.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 02.07

 

Klubblarm