Artist

the_shitsez

The Shitsez

 

Klubblarm vil få ein ekstra dimensjon når The Shitsez skal runda av kvelden på Hotellskukkjen laurdag 3. juli. Sjangeren er cheerleaderrock, stilen er punkete og bandet live er definisjonen på energi og liv. Ein kan ikkje ha unngått å høyra dei fengande radiolåtane Scout Boy og The Next Best Thing den siste tida. Eit album er like om hjørna, eit album det vert stilt store forventningar til . The Shitsez vert gjerne samanlikna med band som The Ting Tings og The Sounds og har spelejobbar på Klubb Øya, SXSW og Bylarm på samvitet. Sommaren er vigd til festivaljobbar og Hove og Bygdalarm står klare til å ta i mot ein sterk elektropunkpopdose. The Shitsez avrundar Klubblarm på Hotellskukkjen laurdag 3. juli.

The Shitsez på Myspace
The Shitsez på Facebook

Program

 

Torsdag 01.07

 

Fredag 02.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 03.07

 

Klubblarm