One!Two!Twee!
One!Two!Twee! er eit rykande ferskt klubbkonsept med DJane Henning Tomren og Simen Herning bak spakane. Sjølv om langfjella skil dei åt frå kvardagen i Bergen og Oslo, har dei heilt sidan ein vakker dag i 2008 vore bundne saman av pasjonen, det brennande engasjementet og vørdnaden for verkeleg god popmusikk. I Bergen driv Henning mellom anna klubbkonseptet Sarahs Postcard, medan Simen driv klubbane Get Dancy! og Klubb Poplogg i Oslo. Saman driv dei plate- og bookingselskapet Spoon Train.
Sommaren 2010 står i popens teikn. Henning og Simen skal trava landet rundt og fylla dansegolv med svensk twee frå 00-talet, eigne diskoremiksar, tropisk breezepop frå nordlege breiddegradar og skjulte skattar frå farne tider. Alltid ei arkeologisk tilnærming til popmusikken - alltid eit skamlaust resultat.
Lær karane meir å kjenna gjennom www.poplogg.no