Artist

pressefoto_monzano_web

Monzano

 

Popkvartetten Monzano frå Oslo får æra av å opna dag 2 av Bygdalarm laurdag 3. juli kl 18. Bandet er vidkjent for meloditeft, spissfindige poplåtar og sofistikerte arrangement. Sagt på anna vis: Monzano fyller eine skoen med deilegpop og den andre med pludrepop. Dei fyller skreppa med indiepop som skapar vellæte og ein eim av lavendelolje og timotei.

Med frontfigur og låtskrivar Sjur Lyseid i spissen debuterte bandet i 2007 med plata «High Horses & One Trick Ponies». Plata lyfta bandet frå undergrunnscena i Oslo til radiospeling i Noreg og høgt trykk på MTV i Japan! Lyseid gjennomførte i 2009 tung soloturnering på viktige scenar med bandet The Little Hands of Asphalt. Hausten 2009 vende han nasen mot moderskipet Monzano og plata «By This Time Last Year Everything Will Seem Younger» vart sloppen i februar 2010. Indieperla Cold Waters har du gjerne fått med deg på radioen siste halvåret. Dersom ikkje, er Bygdalarm riktige staden å oppleva bandet.

Monzano heimeside
Monzano på Myspace
Monzano på Facebook
Monzano på NRK Urørt

Program

 

Torsdag 01.07

 

Fredag 02.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 03.07

 

Klubblarm