Artist

logo_ll

Lurkalarm 2010

 

Lurkalarm 2010

Lurkalarm er eit triatlon som er overkomeleg for dei fleste. Det er ein styrkjeprøve og fredeleg kappestrid vener, veninner, lett mosjonerande, godt trena, seigmenn, miljømedvitne, kraftkarar og kvinner, brandar og stilkar kan gjennomføra. Alle er velkomne til å delta, og det viktigaste er at ein skal ha det kjekt.

Målet med Lurkalarm 2010 er å skapa eit triveleg arrangement med fokus på sunn helse og samhald. Tilstellinga promoterer flotte naturopplevingar i rurale omgjevnader.

Hovudvinsten er ein lurk. Ein lurk er ein avskava bjørkekjepp vinnaren får rissa inn namnet sitt i. Denne lurken er ein "linjelurk", som lyt berast 1000 høgdemeter i etterkant av arrangementet for innriting av namnet. Ritaren er Bjarne Huse og åstaden for seremonien er Breidablikk nedunder fjellet Skrott.

Løypa 

Triatlonet startar med symjing i hotellkai- og Øystesetranda området, omlag 150-200m. Deretter skal ein sykle opp til Klypeleitet, ved starten av sogestien, og så springe/jogge/krype resten av distansen inn til målpasseringa på Blekeld.

Den sosiale etappen

Etter at alle har passert mål skal me samlast på Blekeld der grilling og sosialt samkome vil stå i høgsete. Her vil det òg vera rom for kalde forfriskingar av eige val. I tillegg vil det verta delt ut premiar av ymse slag. På kveldstid skipar Bygdalarm til arrangement på Øvreviken Pub, der alle over 18 år er velkomne. Dette vil vera gratis og krev ikkje at ein har festivalpass.

Tryggleik

Me har sett tak på deltakartalet til 40, slik at me er visse på å avvikla eit trygt ogknirkefritt arrangement. Langs løypa skal det stå innleidd hjelpemannskap frå Raude Krossen, i tillegg til eigne friviljuge.

Påmelding

Me vil at dei som ynskjer å delta fyrst og fremst skal melde seg på over mail. Dersom det ikkje let seg gjera vil det vera mogleg å melde seg på ved å sende melding/ringe på Einar sin telefon. Fristen for å melde seg på er 17.juni og startkontingenten er på 150 kr. Då er mat etter triatlonet inkludert.

Kontaktperson

Einar Lundblad
Kyrhagen 47
5610 Øystese

Tlf: 41142334
Mail: lurkalarm@bygdalarm.no

 

 

 

 

Program

 

Torsdag 01.07

 

Fredag 02.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 03.07

 

Klubblarm