Artist

bob_hund0

bob hund (S)

 

Det legendariske svenske indierockbandet bob hund toppar plakaten når den fjerde utgåva av Bygdalarm går av stabelen i Øystese i Hardanger 2.- 3. juli 2010. Konserten er ein av svært få bandet gjer i år.

Me har prøvd å få dette til kvart år me har arrangert og er svært nøgd med å landa ein avtale i år. Bandet har ein svært stor fanskare i Noreg og har toppa plakaten på nokre av dei største norske festivalane. Endeleg kjem dei til Bygdalarm!

bob hund vart skipa i 1991 og vert av mange rekna som det beste livebandet i Sverige. Bandet har vorte heidra med prestisjetung Grammis som beste liveband. Med vokalist Thomas Öberg i front vert det alltid fyrverkeri på scena.

Albumet ”Folkmusik för folk som inte kan bete sig som folk” frå 2009 fekk strålande mottaking frå både publikum og presse. Plata var bandet sitt fyrste album med nytt materiale sidan 2001 og resulterte i tung turnering på dei største scenane i Norden. Fredag 2.juli går dei på scena på Bygdalarm og serverer publikum ei oppleving av dei sjeldne.

bob hund heimeside
bob hund på Myspace

Program

 

Torsdag 01.07

 

Fredag 02.07

 

Klubblarm

 

Laurdag 03.07

 

Klubblarm