Nyhende

bygdalarm_kollasj

Nytt styre og tomt på plass

 

 

Det går i fullt firsprang framover for Bygdalarm 2018. Kommunen har vore så gilde og gitt løyve til å låne meireritomta i Norheimsund, og me jobbar på spreng for å få resten på plass.

Det nye styret er ei deileg blanding av nye fjes og nokre som nærmar seg veteranstatus. Alle har sjølvsagt vore fast inventar på Bygdalarm, og alle likar fenalår. Men her kjem ein liten presentasjon av dei viktigaste tinga ein treng vite om verdas beste festivalstyre. Nemleg:

1.Kvifor brukar du all fritida di på å lage nytt Bygdalarm?

2.Kva er dine hugnadsbygdeting?

3.Kva er det beste minnet ditt frå Bygdalarm?

 

(Frå øvst til venstre)

Ole Dominicus Storaas Ones – Operativ vakt- og områdesjef

1. Eg engasjerer meg i Bygdalarm fordi eg ikkje har noko val. Tanken på å gje seg har meldt seg nokre gonger, men det kokar ned til at Bygdalarm er alt for kjekt til å vera utan.

2. Mine hugnadsbygdeting er fjorden, fjella og fenalåra. Eg veit at dei har sorten i bydn og, men ikkje heilt som på bygda.

3. Eg har mange gode minner frå Bygdalarm, så det er vanskeleg å velja. Eg trur at eg må sei at det er den kjensla ein får kvar gong bøen er fylt med smilande folk, køane flyt fint, dei frivillige puslar på som flinke arbeidsmaur og Ash/Teenage Fanclub/Bob Hund/Håkan/Johnossi/generisk indieband kjem på scena. Ei kjensle av pur lukke ispedd ein passeleg dose frykt.

 

Ida Sørheim - festivalsjef

1.Det veldig kjekt å få vera med å dra i gang igjen Bygdalarm-tradisjonane som mange gledar seg over. Enno kjekkare blir det når eg jobbar i lag med engasjerte og skaparlystne folk med mål om å realisera Bygdalarm 2018!

2.Folgefonna - både å sjå på og gå på!

3.Eg har drøssevis med gode Bygdalarmminner, både musikalske og sosiale, og mange er frå at eg har delteke som frivillig-taus.

 

Ingvild Skeie – Økonomiansvarleg

1. Bygdalarm 2018 engasjerer meg fordi eg meiner at Bygdalarm fortener å leva! Bygdalarm spreier mykje glede og skapar engasjement i bygdene. Det er viktig!
2. Fjord, fjell og dugnad,
3. Som festivalgjest – Fagernes Yacht Club i 2011. Etter at eg gjekk inn i styret er det den årlege kombi-kjensla av samhald, eufori, lukke og hardt arbeid.

 

Siri Sandven Oma – nestleiar og artistansvarleg

1. Eg vil at Bygdalarm skal gjenoppstå i all si prakt fordi det er så viktig at det er liv og engasjement i bygda, og at folk får moglegheita til å treffast over jåleøl med deilegpop i bakgrunnen.

2. Mjelkekaker!

3. Då Lindstrøm spela "Vossakorv" og skapa Ibiza-stemning på plenen under Bygdalarm 2013!

 

Alvin Vestrheim – Produsent/teknisk ansvarleg

1. Bygdene og Hardanger treng Bygdalarm! Eg likar tanken at bygdafolk som har flytta heimante planlegg ferien utifrå Bygdalarm. Eg er med i styret fordi Bygdalarm er ein del av livet mitt etter over 10 år med drift av ein av Noregs beste festivalar! 

2. Toppstag og silotalje. 

3. Når Supermale oppdaga at lydkortet deira var øydelagd og turnéleiaren spurde meg om det var mogleg i det heile tatt å oppdriva eit lydkort. (Med særs spesifikke eigenskapar på kortet) og eg sa; " gje meg 7 min", reiste heim i studio og henta mitt lydkort og responsen var:  "Hva i all verden er oddsen for dette i Øystese!!" :) 

 

Johanna Valland – Frivilligansvarleg

1. Eg engasjerar meg fordi Bygdalarm må bestå, og laga endå fleire fantastiske minne for folket! 

2. Bålvaffeljernet mitt

3. Bygdalarm 2014 - då møtte eg min favorittperson

 

Tonje Helgheim - Område- og bookinggruppeansvarleg

1. Eg elskar når det skjer ting i bygda, og diggar å jobba saman med alle dei fine folka i familien Bygdalarm for å skapa Noregs koselegaste festival!

2. Fjord, fjell og frukt

3. Eg har så mange at det er vanskeleg å berre nemna eitt - men Håkan Hellström (BL2013) var MAGISK! 

 

 

Andre nyhende

 

<< nyare nyhende

Hald deg oppdatert!

 

Hald deg oppdatert ved hjelp av vårt nyhendebrev:

Nyhendebrev