Info

hesje

Den trivelege varianten av Norseman er torsdagen og det er plass til berre 60 stk (30 enkeltståande og 10 lag à 3 pers), så hiv deg rundt og sikra deg plass!

Les meir

Salet går på internett via Ticketco - det er superenkelt - lovar!

Les meir

Arrangering og deltaking på festival er spanande men krev store mengder planlegging og førebuing. Me vil gjera dette enklare både for deg som publikummar og for oss som arrangørar. Her kjem ein del praktisk informasjon for deg som har lyst å vera med på Bygdalarm.

Les meir

Bygdalarm samarbeider med Hardanger Feriesenter om overnattingstilbod til tilreisande festivaldeltakarar.  Hytte- og telttunet ligg i underkant 3 km frå festivalområdet og ligg til i naturskjøne omgjevnader. I tillegg har me framskaffa gode tilbod frå festivalhotellet Hardangerfjord hotell

Les meir

Bygdalarm vart arrangert fyrste gong 6. og 7.juli 2007. Ideen om å laga musikkfestival i Hardanger har nettopp vore ein ide over lengre tid. Fyrst i laupet av hausten 2006 vart ideen teke eit steg vidare. Arbeidstittelen var "Føling i floren". Tanken var å fylla eit kulturelt vakuum som har vore gjeldande i regionen ved å arrangera eit spenstig populærmusikkarrangement i storslagne omgjevnader. På nyåret 2007 vart eit styre nedsett og den konkrete planlegginga var i gang!

Les meir

Kontaktinfo

 


Postadresse:

Sandvenhagen 39
5600 Norheimsund 

Styret
Festivalsjef: 
Ida Sørheim: ida@bygdalarm.no
Tel: (0047) 92085054

Nestleiar og artistansvarleg:
Siri Sandven Oma: siri@bygdalarm.no

Produsent/Teknisk ansvarleg
Alvin Vestrheim: alvin@bygdalarm.no

Operativ vakt- og områdesjef:
Ole Dominicus Storaas Ones: ole@bygdalarm.no

Område- og bookinggruppeansvarleg:
Tonje Helgheim: tonje@bygdalarm.no

Økonomiansvarleg: 
Ingvild Risnes Skeie: ingvild@bygdalarm.no

Frivilligansvarleg:
Johanna Valland: johanna@bygdalarm.no

Booking: 
Kirsti Aksnes: kirsti@bygdalarm.no
Tel: (0047) 452 43 491

Presseansvarleg:
Maria Pile Svåsand: presse@bygdalarm.no
Tel: (0047) 959 67 881

Dreng & Taus

 
dreng_taus0

Bygdalarm vert det største musikalske arrangementet av sitt slag i Hardanger i 2018. Festivalen aukar i omfang og merksemd for kvart år. Me i familien Bygdalarm er stolte av å invitera folket til ei ny strålande musikkoppleving fyrste helga i juli. For å avvikla dette treng me hjelp frå frivillige drenger og tauser som veit å setja pris på godt, gamaldags dugnadsarbeid.

Me treng folk til å fylla desse arbeidsoppgåvene:

- trivselsvakt, scenevakt og nattevakt

 - scenehjelp

- billettsal og akkreditering

- ølsal

- effektsal

- artistvertskap

- opprigg og nedrigg av festivalområdet før og etter festivalen

- plakatopphenging 


Ta kontakt med 
frivillig@bygdalarm.no dersom det er noko du lurar på.

 


Me tilbyr:

- Fyrst og fremst at du får høve å bidra til at festivalmaskineriet går som smurt
- Full opplæring i det du skal gjera i god tid før festivalen
- Årets frivillig-t-skjorte laga av vår eiga designargruppe www.overhaus.no

- Du får delta på den smått legendariske frivilligfesten sundagen etter festivalen 
- Gratis festivalpass som kan nyttast den dagen ein ikkje jobbar + knallgod, lokalprodusert mat den dagen du er på jobb

*NB! Påmelding er bindande. 

Familien Bygdalarm ser fram til å høyra frå deg!

Fyll ut skjema under, og skriv tre ynskjer for kva jobb du ynskjer deg. 

Personalia

Kontaktinformasjon


Kva dag høver det best å arbeide?

Litt om deg sjølv